Knekte stolpar på Borsheim

Dette var truleg den sterkaste stormen me har hatt på Jæren sidan stormen i romjula i 2016. Og når vinden på stormnivå heldt på i nesten eit døgn samanhengande, med kraftige nordavindkast på over 40m/s ute med kysten, blei det til slutt nesten i det tøffaste laget òg for den kraftige høgspentlinja langs Nordsjøvegen frå Borsheim til Reve - kor Nordsjøen berre er nokre hundre meter frå linja og vindretning stod beint på.

Pga. det tøffa kystklimaet på Reve med vind og saltråk som piskar inn mot linja det meste av året, er denne høgspentlinja ekstra dimensjonert, men til tross av dette so knakk altså to master i stormen i natt. Sidan det er brukt kraftig linjetråd, så heng linja likevel oppe fordi om stolpe er knekt.

Det er alt lagt ny høgspentkabel på strekningen Borsheim – Reve, til erstatning for høgspentlinja langs kysten her. Rett før helga blei dei siste kundane kopla på det 5 km lange nye kabelnettet, og dermed førte ikkje dei knekte stolpane til at kundar blei straumlause. 

5 kundar utan straum i to timar i Tumarka pga. sikringsbrudd

Den kraftige vinden førte til at ein høgspentsikring oppe i ei høgspentmast rauk i dag tidleg. Dette var den einaste feilen som førte til straumutfall pga. stormen.

Knekt høgspentmast på Borsheim

Knekt høgspentmast på Hodne